Gode råd til turistar på norske vintervegar

Publisert av Martine Lorentzen den 18.11.25.

Toppfoto: Presis vegdrift / Statens vegvesen

Å køyre på norske vintervegar er ingen spøk. På vegvesen.no/tourist får bilturistar i Noreg gode råd. Bruk desse for å gjere bilturen tryggare, enklare og meir omsynsfull.

Nyttige tips og viktige reglar

Vintersidene www.vegvesen.no/vinter utfyller nettsidene som kom før sommaren. Bilturistane får vite kva som er nødvendig, og kva som er lurt, å ha med i bilen når ein skal ut på uføreseielege vintervegar. Dei får vite kva slags dekkutrusting vi krev i Noreg, og kva dei kan vente seg på fjellovergangar og andre vêrutsette stader. Og – ikkje minst – dei får råd om å tilpasse farten til forholda.